Vi har lansert vårt nye medlemsprogram ultiMATE som gir eksklusive rabatter og fordeler, og mer!

DRAGONBLOOD

Ein motivational, drake-inspirert fantasy festival 🩸⚔️🩸

13. september 2025
120–330 kr

Visninger og billetter

DRAGONBLOOD er ein portal inn i ei anna tid. Ein feberdraum.
Når du går derifrå, vil du ikkje vere den same.

Velkomen til DRAGONBLOOD – ein sjangeroverskridande festival i ei spelinspirert fantasiverd. Her inviterer drakar, feer, magikarar og gjesteartistar frå heile verda deg med på ei oppslukande, emosjonell reise.🕯️🪞

Med ein miks av klubbkultur, rollespel, opera, popkonsertar, spådom og historieforteljing, er DRAGONBLOOD ei natt fylt med sverdkamp, digitale balladar, magiske eliksirar, falne englar – og ein motiverande Drake som er blitt kalla fram.

Det kunstnariske kollektivet ONLY SLIME, grunnlagt av Tobi Pfeil og Claudia Cox, er for tida i residens på Det Norske Teatret, Scene 3. Ultima har gitt dei frie tøylar til å kuratere ein festival-i-festivalen, 13.–20. september.

Med seg har dei eit handplukka lag beståande av NEKO3 (DK), Team Rolfes (US), Kevin Peter He (CN), DJ Trick (US), Dragongirl (NO), Frida Marida (LBN) og skodespelarar frå teaterets talentprogram. Dei trer inn i DRAGONBLOOD sitt digitale univers på ulike tidspunkt i veka. 🧝‍♀️🌿🔮🐺👁️🌘

Sjå Det Norske Teatret sine nettsider for speletider og oppdateringar.

ONLY SLIME. Foto: Helge Brekke

Fra ONLY SLIME sin residens på Scene 3. Foto: Det Norske Teatret

NEKO3. Foto: Aisha Irma

Yohan. Foto: Thomas Gallagher

Team Rolfes. Foto: Team Rolfes

Dragongirl. Foto: RAT TV

Frida Marida. Foto: Franziska Keene

Fra ONLY SLIME sin residens på Scene 3. Foto: Det Norske Teatret

I samarbeid med

  • ONLY SLIME
  • Det Norske Teatret
  • Masahat Festival

Støtta av

  • Kulturrådet
  • Fond for lyd og bilete
  • ULYSSES-plattformen, med støtte fra Den europeiske union
  • Sparebankstiftelsen DNB